web metrics

Uredd prest


Andre artikler om krig og konflikt
- Lidio - En uvanlig historie

- Bønn om fred i Israel og De Palestinske områder



- Nyleg ringte biskopen min og fortalte at han hadde fått ei anonym telefonoppringing. "Vi veit kvar Guillermo er og kva han driv med", hadde vedkomande sagt. No kan eg ikkje dra attende til Colombia.

Guillermo León Correa er ein katolsk prest som har måtta reisa frå bispedømmet sitt, Tumaco på Stillehavskysten av Colombia, etter å ha motteke trugslar frå paramilitære dødskvadronar. Dei paramilitære og geriljaen kjempar om kontroll over territoriet, og einkvar som oppfordrar til fredeleg motstand, er i faresonen. Mange prestar, katekistar og andre kyrkelege medarbeidarar er blitt offer for volden, nokre drept av dei paramilitære, andre av geriljaen. Guillermo sin næraste medarbeidar, Yolanda, vart drept i fjor.
- Eg var tilsett på bispedømet sitt kontor for sosialt arbeid. Vi hadde prosjekt innan helse, opplæring og menneskerettar, for å bidra til ei betring av folks levekår. Målgruppa var fattige, gamle og folk med få ressursar, fortel Guillermo.

Jordreform
Befolkninga i Tumaco er hovudsakleg etterkomarar etter afrikanske slavar. Området er rikt på fiskeressursar, olje og biologisk mangfald. Den såkalla Afrika-palmen som blir nytta i produksjon av shampo og såpe, er eitt av dei viktigaste produkta.
I 1993 vart det vedteke ei lov som skulle gi den svarte befolkninga rett til jord, og vern om kulturen og identiteten deira.
- Vi arbeidde for å gjera lova kjent og støtta opp om arbeidet med kartlegging og organisering av lokalsamfunna for å sikra dei eigedomsrett til jorda. Mange lokalsamfunn har oppnådd dette, andre er undervegs. Med ein analfabetisme på 60 % har arbeidet vore ei stor utfordring, seier Guillermo.
Arbeidet med å skaffa lokalbefolkninga eigedomsrett til jorda, vart ikkje sett på med blide augo av kapitalistar, forretningsfolk og bedrifteigarar frå sentrale deler av landet som var kome for å utnytta naturressursane i området. Det begrensa handlingsfridomen deira.

Paramilitære
I september 2000 dukka ei gruppe av paramilitære opp i Tumaco, truleg med god hjelp av militærbasen i området og med finansiering av bedriftseigarane, forretningsfolk og dei store fiskebåtane.
Første fase var "Operación Limpieza", ein velkjent utreinskingstaktikk i Colombia som inneber drap på prostituerte, kriminelle, gateselgarar, gatebarn og gamle - "dei uønska" i samfunnet. Neste fase var trugslar og drap på sentrale personar; leiarskikkelsar i lokalsamfunna, offentlege tenestemenn, fagforeiningsfolk, lærarar, menneskerettsaktivistar og journalistar - mange av dei mistenkte for å støtta geriljaen.
- Vi byrja å få henvendelsar frå ei rekke personar som trong hjelp og støtte, og som ikkje hadde tiltru til det offentlege systemet. Vi melde frå til lokale styresmakter om situasjonen, hjalp til med å skaffa billettar til dei som måtte reisa herifrå og tok kontakt med organisasjonar i hovudstaden. Etterkvart hadde vi også utvikla ein informasjonsbase om dei paramilitære si verksemd i Tumaco. Folk tipsa oss om kvar dei budde, kva bilar dei køyrde med og om stader dei var blitt observert.

Militæret
Den uredde presten Guillermo og medarbeidaren hans Yolanda gjekk også til militærbasen og konfronterte obersten: "Kvifor er det så mange som blir drept? Og korleis kan dei paramilitære opererera så fritt?", spurte dei. Obersten lova å undersøka saka og styrka vakthaldet.

Då ingenting vart gjort, bestemte dei seg for å offentleggjera ein rapport i utlandet, om volden og om den nære tilknytninga mellom hæren og paramilitære grupper i Tumaco. Dei informerte Amnesty International, og kyrkjer og organisasjonar i Europa. Med det oppnådde dei at saka nådde presidenten i Colombia, Andrés Pastrana.
- "Kvar har de fått denne informasjonen frå?", spurte dei militære oss om. Det kunne vi ikkje seia, for då kunne vi jo risikera at folk vart drept. "Denne rapporten minner om ein pamflet frå geriljaen", sa dei. Etter dette var forholdet mellom bispedømet og dei militære svært anstrengt.

Offer
Den 19. september 2001 vart Yolanda drept, fortel Guillermo. Klokka 12 forlet ho kontoret for å eta lunsj. Ute på gata nærmar ein mann seg henne bakfrå og skyt henne med fire skot mot nakken. Fleire personar er vitne til det som skjedde.
- Eg såg det ikkje, men var like i nærleiken. Ei lærerinne fortalte meg kva som hadde skjedd, og eg skunda meg attende til kontoret og låste meg inne. Sidan blei eg åtvara av ei eg kjenner, som har tilgang på informasjon frå dei paramilitære: "Guillermo, du må dra herifrå. Dei er ute etter deg også." 12 dagar etter drapet på Yolanda reiste eg frå Tumaco. Sidan har eg vore i Medellín saman med familie, og er no i Costa Rica.
- Hadde de motteke trugslar tidlegare også?
- Ja, vi fekk nokre telefonar og opplevde fleire gonger at bilane deira oppheldt seg utanfor kontoret.
- Kvifor var dei ute etter dykk?
- Dei paramilitære visste at vi hjalp personar med å flykta, at vi gav dei mat og losji medan dei venta på å få reisa, og at vi protesterte mot overgrepa deira.

Framtida
- Korleis er framtidsutsiktene - for deg personleg og for landet ditt?
- Utviklinga avheng av mange ting, men eg fryktar at situasjonen kan bli verre etter at Alvaro Uribe Velez vann presidentvalet den 26. mai. Han ønskjer ei opptrapping av krigen og total konfrontasjon mot geriljaen. Det er ikkje landet førebudd på verken militært eller økonomisk. Medias einsidige fokusering på geriljaens overgrep, gjer at mange folk støttar han. Men heldigvis finst det andre krefter i samfunnet som står for ei meir moderat line og som ønskjer nye fredsforhandlingar, seier Guillermo.
Han har tru på at det sivile samfunn kan spela ei viktig rolle. Den katolske kyrkja har lenge vore ein pådrivar for fred og forsoning, og hadde ei meklarrolle i forrige forhandlingsrunde. Det sivile samfunn har mange forslag til alternative utviklingsmodellar og reformar. Problemet er at verken geriljaen eller regjeringa har vist vilje til dialog med det sivile samfunnet så langt.
- Vi treng støtte frå det internasjonale samfunnet for å få til nye fredsforhandlingar og ein dialog som inkluderer det sivile samfunn, seier han.
- For meg personleg er framtida uviss, held Guillermo fram. - Eg kjem til å melda saka mi for den mellomamerikanske menneskerettsdomstolen her i Costa Rica. Så reiser eg kanskje til Ecuador for å arbeida i karmelittordenen der. Men helst skulle eg ha vore i Colombia og delteke i arbeidet for rettferd og fred.

Tekst og foto Anne Veiteberg



Fakta om Columbia
Folketal: 42 millionar
Konflikten i landet har vart i meir enn 40 år
2.400.000 colombianarar er internflyktningar
Dei siste ti åra har meir enn 10 millionar colombianarar reist frå landet 
26 millionar er fattige = 60 % av befolkninga
O,4 % av befolkninga eig 60% av jorda
I 1980 hadde dei 10% rikaste 40 gonger så høg inntekt som dei 10% fattigaste. I 2001 hadde dei 10% rikaste 60 gonger så høg inntekt som dei 10% fattigaste. 
38% av BNP går til betaling av utanlandsgjeld 
I 2001 vart 37.190 personar drept (inkludert trafikkulukker)
Columbia er på 2. plass i verda m.o.t. tal på forsvunne personar
97% av brotsverka blir aldri straffa

Liturgidatabase



Samarbeidspartnere

        

      

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Innhold Vi anbefaler

Samarbeidsråd menighet og misjon
Ecumenical Advocacy All.
Fairtrade Max Havelaar
UNAIDS
Vennskap Nord/ Sør
Initiativ for etisk handel


> Se flere lenker